Minibussen er i boks

Minibussen er i boks

Publisert av Egil Brastad Hansen den 15.10.20. Oppdatert 21.02.21.

Etter eit par års jakt på eit godt formål å gi pengar til, bestemde Bjerkreim Lions seg for å skaffa Bjerkreim omsorgssenter ein minibuss til å bruka for å kjøra dei eldre rundt på utflukter og småturar.

Bjerkreim Lions starta kronerullinga med å spytta i 100.000 kroner. Oppfordringa gjekk deretter til næringsliv, lag og foreiningar og private om å bidra med dei resterande 150.000, og då helst innan 1. juli.

– Fredag var me i mål, rapporterer Øyvind Espeland fornøgd. Han er president i Bjerkreim Lions.

– Støtta kjem i hovudsak frå lokale bedrifter. Enkeltbidraga varierer frå eit par tusen kroner til godt og vel 20.000, fortel han og konstaterer at mange bekker små gjer same nytten som ei stor flod.

I tillegg til enkeltaktørar i næringslivet har Bjerkreim bygdekvinnelag og Bjerkrein næringsforeining bidratt med pengebeløp til innsamlinga.

– Nå gir me beskjed til pleie- og omsorgssjef Bjarne Tengesdal om at pengane er på plass, og at han bare må begynna å leita etter ein passande bil, seier Øyvind Espeland.